Ada Hegerberg
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ada Martine Stolsmo Hegerberg (fødd 10. juli 1995) er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra som speler for Olympique lyonnais i den franske eliteserien for kvinner.

Hegerberg har vunne norsk cupgull, gull i Toppserien, gull i UEFA Champions League, gull i tysk serie, gull i tysk cup, og sølv frå EM med det norske kvinnelandslaget. Ho har vunne Gullballen (Kniksenprisen) (2015 og 2016),[1][2] blei kåra til UEFA Årets kvinnelege spelar i Europa for innsatsen i sesongen 2015/16 og er tildelt Aftenpostens gullmedalje,[3] Sportsjournalistenes statuett[4] og BBC-prisen for årets kvinnelege fotballspelar for 2017.[5]
Midtspissen hadde per 15.7.2017 spelt 63 landskampar og skåra 38 mål. Ho spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.
Remove ads
Aktiv
Hegerberg debuterte på Kolbotn IL i 2010. Sesongen 2012 spelte ho på Stabæk IF. Der etter var ho aktiv i Turbine Potsdam i halvtanna år. I juli 2014 gjekk ho over til franske Olympique Lyon, ein klubb ho har vunne meisterligafinale med både i 2016 og 2017.
Landslagdebuten til Hegerberg kom 19. november 2011. Med Isabell Herlovsen ute med skade, var Hegerberg det opplagde valet på midtspissplass under EM i fotball 2013.
Merittar
- EM-sølv: 2013
- Meisterligaen: 2016 og 2017 med Olympique Lyon
- Noregsmeister: 2012 med Stabæk IF
- Fransk seriemeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon
- Fransk cupmeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon
Hegerberg vart kåra til Årets fotballspelar 2016 i Europa for kvinner.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ada Hegerberg» frå Wikipedia på tysk, den 16. juli 2017.
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads