Adana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Adana er ein by sør i Tyrkia og eit stort jordbruks- og handelssenter. Byen ligg ved elva Seyhan, 30 km frå kysten av Middelhavet sør i det sentrale Anatolia. Han er det administrative senteret i provinsen Adana og er den femte største byen i Tyrkia. Byen har kring 1,6 millionar innbyggjarar. Adana-Mersin storbyområde har kring 3 millionar innbyggjarar og strekkjer seg over 100 km frå aust til vest og 25 km frå nord til sør. Dette området omfattar byane Mersin, Tarsus, Adana og Ceyhan.
Adana ligg i hjartet av Çukurova, eit geografisk, økonomisk og kulturelt område som dekkjer provinsane Mersin, Adana, Osmaniye og Hatay. Her bur om lag seks millionar menneske på ei ei flat, frodig slette som er eit av dei mest produktive jordbruksområda i verda.[3]
Adana ligg ved jernbanelinja mellom Istanbul og Bagdad, med sidebane til hamnebyen Mersin. Han har vore eit viktig senter for den tyrkiske bomullsindustrien med stor produksjon av tekstil. Byen har universitet frå 1973 og fleire vakre moskear.
Remove ads
Historie
Byen vart truleg grunnlagd av hettittane kring 1400 fvt. og kom seinare under Aleksander den store. Han vart erobra av arabarane på slutten av 600-talet og av Det osmanske riket i 1516.
I 1998 vart byen råka av eit kraftig jordskjelv som la store delar av byen i ruinar.
Klima
Adana har eit typisk middelhavsklima. Vintrane er mild og våte og somrane er varme og tørre. Varmerekorden i byen vart registrert 8. juli 1978 med 44,0 °C og kulderekorden er -6,4 °C.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads