Adelheid av Aquitaine

From Wikipedia, the free encyclopedia

Adelheid av Aquitaine
Remove ads

Adelheid av Aquitaine eller Adelheid av Poitiers, fødd kring 950, død 1004, var fransk dronning gjennom ekteskap med Hugo Capet.[1] Paret grunnla kapetingardynastiet, som fortsette gjennom sonen Robert II.

Adelheid var dotter av Guillaume III, greve av Poitiers og hertug av Aquitaine, og Adela av Normandie.

Ho utgjorde eit pant i samband med ein våpenkvile mellom Guillaume og Hugo, som ho blei gift med i 969. Då Hugo blei krona til fransk konge i 987 blei ho dronning i riket. Dei var den fyrste kongen og dronninga av huset Capet.[2]

Hugo stolte tilsynelatande på dømmekraft til Adelheid, og let henne ta del i styret av riket. Han anerkjende henne som socia et particeps nostril regni, grovt omsett til ‘deltakar i riket vårt’.[3] Han gav henne i oppdrag å forhandla med regenten Teofano av Det tysk-romerske riket, og gav henne samtykke på føretil den avtalen ho klarte å forhandla fram.[4]

Ho grunnla klosteret Saint-Frambault de Senlis.

Remove ads

Barn

Adelheid og Hugo hadde minst tre barn som levde opp:

  • Hedwig, grevinne av Mons (eller Hadevide, eller Avoise) (ca. 969–etter 1013), gift med grev Reginar IV av Mons
  • Robert II (972–1031), fransk konge. Krona til medkonge i 987.
  • Gisèle, grevinne av Ponthieu (ca. 970–1002), gift med grev Hugo I av Ponthieu.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads