Adhan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Adhān (arabisk أَذَان, [ʔæˈðæːn]), også uttalt azan og ezan, er bønekallet i islam. Det blir resitert av ein muezzin til dei fem føreskrivne tidebønene kvar dag. I nyare tid kan ein også bruka tekniske hjelpemiddel til adhan.


Remove ads
Ordsoge
Rota til ordet er ʼḏn أَذَن, som betyr 'tillate'. Ei anna avleiing av dette ordet er udun, som betyr 'øyre'.
Framføring
Adhan blir resitert eller sunge av ein muezzin frå ein moské, tradisjonelt frå ein høg minaret. Under framføringa pleier muslimar repetera orda stille, bortsett frå når muezzinen ber dei skunda seg til bøn og velgjere (ḥayya ʿala ṣ-ṣalāh og ḥayya ʿala l-falāḥ). Då er det stille svaret lā hawla wa lā quwata illā billāh ('der er ingen makt eller styrke utanom frå Gud').
Tekst
Teksten til adhan varierer noko mellom ulike tradisjonar.
Linja «bøn er betre enn søvn» blir brukt ved morgonbøna.
Remove ads
Moderne hjelpemiddel
I moderne tid kan muezzinen bruka mikrofon og høgtalarar som ofte er festa høgt i minareten. Bøneropet kan også kringkastast.[8]
Muslimar kan også bruka klokker og appar som er innstilt til dei fem bønetidene der dei er. Tidene blir gjerne rekna ut automatisk om ein stiller inn dato, by og klokkeslett.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads