Adventure Time-episodar

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Adventure Time-episodar
Remove ads

Adventure Time er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Pendleton Ward for Cartoon Network. Serien følgjer eventyra til Finn (gjeve stemme av Jeremy Shada), ein menneskegut, og bestevenen og adoptivbroren hans Jake (John DiMaggio), ein hund med magiske krefter til å endre form og storleik av eigen vilje. Finn og Jake bur i det postapokalyptiske landet Ooo. Gjennom serien samhandlar dei med andre hovudkarakterar i serien: Princess Bubblegum (Hynden Walch); regenten av Candy Kingdom og eit levande stykke tyggegummi, Ice King (Tom Kenny); ein galen men misfortått trollmann, Marceline the Vampire Queen (Olivia Olson); ein tusen år gamal vampyr og rockemusikkentusiast, Lumpy Space Princess (Pendleton Ward); ei melodramatisk og umoden prinsesse laga av «klumpar», BMO (Niki Yang); ein sansande dataspelkonsoll forma som ein robot som bur med Finn og Jake, og Flame Princess (Jessica DiCicco); eit eldvette og herskaren av Fire Kingdom.[1][2] Pilotepisoden for Adventure Time vart send første gong i 2007 på Nicktoons Network[3], der han seinare vart send på nytt som del av inkubatorserien Random! Cartoons.[4][5] Pilotepisoden vart etter kvart lasta opp på verdsveven og vart ein kulthit på YouTube.[6] Etter at Nickelodeon avviste å lage ein heil serie basert på kortfilmen, kjøpte Cartoon Network rettane og Adventure Time vart lansert som serie 5. april 2010.[7][8] Serien vart konkludert den 3. september 2018, etter ti sesongar.[9] Den 23. oktober 2019 vart fire spesialepisodar under fellestittelen Adventure Time: Distant Lands annonserte, som vil sendast på HBO Max i 2020.[10]

Thumb

Kvar Adventure Time-episode varer om lag elleve minutt og par av episodar er ofte sende for å fylle programrom på ein halv time.[11] Dei første fem sesongane vart programmet send i USA om kvelden på måndagar.[a] Etter episoden «Breezy» tidleg i den sjette sesongen, byrja programmet å endre både sendetidspunkt og sendedag.[12] Under debuten var Adventure Time ein sjåarsuksess for Cartoon Network, med sjåartal på over 3 millionar for nokre av episodane. Serien fekk positiv mottaking frå kritikarar og har utvikla ein sterk tilhengjarskare blant tenåringar og vaksne, mange av dei tiltrekte til serien på grunn av animasjonen, historiene og karakterane.[13] Adventure Time har vunne tre Annie Awards,[14] åtte Primetime Emmy Awards,[15] to British Academy Children's Awards,[16][17] ein Motion Picture Sound Editors Award,[18] ein Pixel Award,[19] ein Peabody Award,[20] og ein Kerrang! Award.[21] Serien har også vorte nominert til tre Critics' Choice Television Awards,[22][23][24] to Annecy Festival Awards,[25][26] ein TCA Award,[27] og ein Sundance Film Festival Award,[28] med fleire. I USA har fleire DVD-ar med eit tilfeldig utval av episodar vorte utgjevne. Alle sesongane er utgjevne i Nord-Amerika på DVD og sesong ein til seks vart utgjevne på Blu-ray. Alle sesongane vart utgjevne på Blu-ray berre i Australia. Ei nordamerikansk samling med heile serien vart også utgjeven på DVD den 30. april 2019.[29] Medan serien vart krinkasta var Adventure Time produsert av Cartoon Network Studios og Frederator Studios.

Remove ads

Episodar

Sesong 1 (2010)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 2 (2010–11)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 3 (2011–12)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 4 (2012)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 5 (2012–14)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 6 (2014–15)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 7 (2015–16)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 8 (2016–17)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 9 (2017)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...

Sesong 10 (2017–18)

Meir informasjon Nr. totalt, Nr. i sesongen ...
Remove ads

Notat

  1. Eit unntak er episoden «Thank You» frå tredje sesong som vart kringkasta på ein onsdag som ein spesialepisode for den aktuelle høgtida.
  2. Spesialepisoden «Diamonds & Lemons», som ikkje er rekna som del av denne sesongen, vart send før seriefinalen, som gjer dette til den 279ande episoden og første del av finalen den 280ande.
  3. Spesialepisoden «Diamonds & Lemons», som ikkje er rekna som del av denne sesongen, vart send før seriefinalen, som gjer dette til den 279ande episoden og første del av finalen den 280ande.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads