Aechmophorus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aechmophorus
Remove ads

Aechmophorus er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er to dukkarartar med leveområde i det vestlege Nord-Amerika. Dei er mykje like i utsjånad, men form og farge på nebbet, og dessutan fjørene rundt dei skarlakenfarga auga på fuglane kan brukast til å avgjere arten i feltet.

Kjappe fakta

Svanedukkar har rettpeikande nebb med matt grøngul farge, i motsetnad til gulnebbdukkar, som har eit svakt oppbøygd, lyst oransjegult nebb. Hos begge artar har hannen lengre og djupare nebb enn hoa, noko som gjer det eit særtrekk for kjønnet.[1] Alle dukkarartar viser mønstret av flikete symjehud. Ei laus hudfald omgjev kvar tå separat, noko som gjev meir areal for effektiv symjing. Denne forma aukar effekten av framdrift per symjetak.[2]

Svanedukkarar har litt større gjennomsnittslengd enn gulnebbdukkarar.[3] Dei to artane skil seg òg i læte. Svanedukkarar gjev eit rop som inkluderer to ulike «kri-kri» tonar, medan gulnebbdukkarar læt ein einskild «kriit» tone, meir trekt ut.[4]

Remove ads

Artslista

Aechmophorus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

  • Svanedukkar, Aechmophorus occidentalis
  • Gulnebbdukkar, Aechmophorus clarkii

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads