Afif
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Afif (arabisk عفيف ʿAfīf) er ein by sentralt i Saudi-Arabia i regionen Najd. Han ligg omtrent halvvegs mellom Riyadh og Mekka. Den moderne byen vart grunnlagd i 1910-åra som ein hijra, eller «busetnad», for nomadiske stammer i området, særleg 'Utaybah-stamma. Han har sidan voks seg til ein liten by med 39 581 innbyggjarar i folketeljinga 2004,[1] utanom dei kringliggande byane og landsbyane, som i lag med 'Afif dannar 'Afif guvernement.
Byen tente ein gong som inngangsport mellom sentrale og vestlege område av Saudi-Arabia. Byen er òg kjend som landingsstaden for det første flyet kong Abdulaziz av Saudi-Arabia, den første kongen av Saudi-Arabia, eigde. Ein stor del av hæren til kong Abdulaziz kom frå Afif, mellom anna folk som grunnla byen 'Utaybah.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads