Afrikansk pygmémus

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Afrikansk pygmémus
Remove ads

Afrikansk pygmémus (Mus minutoides) er ein art i museslekta som er blant dei minste gnagarane i verda. Musa lever i sørlege, austlege og sentrale delar av Afrika, med ein glidande overgang til arten Mus musculoides. Nokre biologar reknar M. minutoides og M. musculoides som same art.

Kjappe fakta
Remove ads

Levområde

Afrikansk pygmémus lever i ulike habitat i subtropisk klimaområde opp til 2 400 moh. Det er funne eksemplar av arten i fynbos-habitat, savanne, grasland, steinur, vassdrag, brakkland og bynære område. Dei kjem sjeldan inn i husvære. Gnagaren er heimehøyrande i Angola, Malawi, Mosambik, Sør-Afrika, Swaziland, Zambia og Zimbabwe. I Tanzania, Sør-Sudan og Kongo finst ein overgang til Mus musculoides som ikkje er ferdig kartlagd.[1]

Remove ads

Skildring

Pygmémusa kan ha ulike pelsfargar, men er som regel raudbrun på ryggen og lys beige eller nærast kvit på buken. Ho blir omkring 45-88 mm lang og veg gjerne 2,5-12 gram (typisk 5-6 g). Halen målar ca. 28-63 mm. Afrikansk pygmémus er dermed truleg mindre enn den norske dvergmusa.

Afrikansk pygmémus blir kjønnsmoden når ho er ca. 4 veker gammal. Hoa vil deretter bli brunstig kvar 4.-6. dag. Brunsten varer i ca. 24 timar. Om hoa blir drektig vil ho normalt føda 2-8 ungar etter 20-21 dagar. Ungane blir fødde hårlause og blinde. Augo opnar seg etter rundt ei veke.

Afrikansk pygmémus er eit typisk flokkdyr. Musa er mest nattaktiv og har ein tendens til å hamstra føde. Ho går godt å halda i fangenskap, og er kjend som kjæledyr fleire stader. Sidan musa er så liten, kan ho ikkje haldast fordi ho då lett kan skadast. Levetida er rundt 2 år i fangenskap.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads