After Bathing at Baxter's

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

After Bathing at Baxter's var det tredje studioalbumet til rockebandet Jefferson Airplane frå San Francisco, utgjeve i 1967 på RCA Victor. Plateomslaget er laga av Ron Cobb.

Meir informasjon Jefferson Airplane-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Sidan det mangla ein hit, vart dette eksperimentelle albumet ein langt mindre suksess enn føregangaren Surrealistic Pillow, som kom ut tidlegare same året, og nådde 17. plassen på Billboard album-lista og det fekk heller ikkje gullplate i USA.

Albumet er delt inn i «suitar» og musikalsk består det av lengre og meir eksperimentelle komposisjonar, som den ni minuttar lange instrumentalen «Spare Chaynge» og Grace Slick sin digre og uvanlege «Rejoyce», ei hyllest til James Joyce-romanen Ulysses, med eit lunefullt arrangement og stentorbass av Jack Casady. Mange av songane på albumet syner den tunge LSD-bruken til bandet.

Albumet nådde 17. plass på albumlista. Paul Kantner-songen «The Ballad of You and Me and Pooneil» vart gjeven ut på singel i august 1967 og Grace Slick og Marty Balin song harmonivokal. Denne nådde 42. plassen på Billboard-lista.[4] Ingen av dei seinare singlane deira nådde igjen øvre halvdel av Hot 100.[4] Den andre singelen, «Watch Her Ride», nådde berre 61. plassen. Begge singlane nådde Topp 40 på Cash Box Top 100.[5]

Remove ads

Tittel

I følgje historia til Jeff Tamarkin om Jefferson Airplane var «baxter» bandet sitt kodeord for det psykedeliske dopet LSD, og heile tittelen tyder såleis «etter ein syretripp».[6]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Merknader

  1. Berre små bokstavar på plateomslaget.
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

  • Gary Blackman – vokal
  • Bill Thompson – vokal

Teknisk

  • Jefferson Airplane – design, notat, songarrangement
  • Al Schmitt – produsent
  • Richie Schmitt – lydteknikar
  • Ron Cobb – plateomslag
  • The Walking Owls – albumtittel
  • Alan Pappe – fotografi

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singel

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads