Billboard

From Wikipedia, the free encyclopedia

Billboard
Remove ads

Billboard er eit USA-amerikansk musikkmagasin grunnlagt i 1894. Det er mest kjent for sine lister over dei mest selde platene i USA. Dei mest prestisjefylte listene er Billboard Hot 100 (for singlar) og Billboard 200 (for album). I tillegg har magasinet ei rekkje lister innan forskjellige musikksjangrar, både for singlar og album, og lister for songar som har fått mest speletid på radio.

Kjappe fakta Oppretta, Grunnleggjar ...
Remove ads

Historie

Thumb
Fyrsteutgåva av Billboard (1894)

Fyrste utgåva av Billboard blei gjeven ut i Cincinnati i Ohio av William Donaldson og James Hennegan den 1. november 1894.[1][2] Bladet tok for seg reklame og plakatindustrien, og hadde tittelen Billboard Advertising.[3][4] På denne tida var plakatar, annonsar i aviser og reklametavler eller engelsk billboards på offentlege stader dei viktigaste formene for reklame.[4] Tittelen blei endra til The Billboard i 1897.[5]

Remove ads

Lister

  • Billboard Hot 100. Sidan 5. desember 1998 har lista også hatt songar som ikkje er singlar.
  • Hot Country Songs. Lista er mellom anna basert på tal på strøyming, tal på sal av digitale nedlastingar, og tal på avspeling av songar på radiostasjonar i USA. Slik har det vore sidan lista frå 20. oktober 2012.
  • Country Airplay. Lista har hatt namnet sidan 20. oktober 2012, men Billboard hadde tilsvarande liste berre for radioavspelingar i periodar av dei 23 føregåande åra.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads