Agathe Backer Grøndahl
norsk pianist og komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Agathe Backer Grøndahl (1. desember 1847–4. juni 1907) var ein norsk pianist og komponist av romantisk og nasjonalromantisk musikk.[1] Ho var den første viktige kvinnelege norske komponisten, og er i dag særleg kjend for songen «Mot kveld».

Remove ads
Liv
Agathe Backer var fødd i Holmestrand, men flytta ti år seinare til Oslo saman med familien. Der lærte ho pianospel og komposisjon hjå Otto Winther-Hjelm, Halfdan Kjerulf og musikkteori hjå Ludvig Mathias Lindeman. I 1865 reiste ho til Berlin for å studera ved Theodor Kullaks musikkakademi. Seinare studerte Backer under Hans von Bülow i Firenze, og under Franz Liszt i Weimar i 1873.
Agather Backer blei gift med Olaus Andreas Grøndahl, ein framståande kordirigent, i 1875. Dei fekk sonen Fridtjof Backer-Grøndahl.
Remove ads
Pianisten
Agather Backer Grøndal var ein pianist av verdsformat og gav konsertar i fleire europeiske land. Då ho studerte i Berlin gjorde ho lykke med Ludwig van Beethovens 5. pianokonsert. Ho spelte ofte verk av Edvard Grieg, og var tre gonger solist i Griegs a-moll-konsert med komponisten sjølv som dirigent. Backer Grøndahl var også ein nær venn av Edvard Grieg.
Komponisten
Agathe Backer Grøndahl skreiv helst klaverstykke og romansar. Ho fullførte i alt 70 verk, og var ein framtredande skikkelse i norsk musikkliv. Mot slutten av livet vart Backer Grøndahl heilt døv, og måtte gjeva opp musikarlivet.
Agathe Backer Grøndahl døydde 59 år gamal i Kristiania den 4. juni 1907.
Verkliste
- Romansar og andre stykke for piano
- Trois morceaux (for piano)
- Sange ved havet (til tekstar av Holger Drachmann)
- Fantasistykker
- Norske folkeviser og folkedanser (for piano)
- Etyder (for piano)
KJelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads