Agnes Symra
norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Agnes Symra (fødd 18. oktober 1874 som Agnes Elisabeth Simonsen, daud 1973 i Stockholm)[1] var ein norsk skodespelar.
Agnes Symra var fødd i Bergen som dotter av cand.theol. Johan Henrich Simonsen (født 1840) og Anne Margrethe Reimers (1844-1892). Ho debuterte på Den Nationale Scene i Bergen i 1893. I 1899 blei ho tilsett ved Nationaltheatret i dåverande Kristiania.
I 1896 gifta Agnes Simonsen seg med teatermannen Halfdan Christensen. Ekteskapet blei oppløyst i 1904. Ho byrja å bruka namnet Agnes Symra i 1907.[2]
Ifølgje oppslagsverket Hvem er Hvem frå 1912 var Symra særleg kjend som oppleser av «dramatisk digtning», blant anna av Peer Gynt, i både Skandinavia og Tyskland.[3]
På Nationaltheatret sin turné i Tyskland og Austerrike i 1913 resiterte Agnes Symra utdrag frå Peer Gynt. Den fullstendige turnélista er ikkje kjend, men dei austerrikske byane Linz og Wels var blant spelestadene.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads