Agogna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Agogna (piemontesisk Agògna) er ei smal, men 140 km lang elv som renn gjennom regionane Piemonte og Lombardia i Italia og er ein av sideelvane til Po frå venstre.
Elva har utspring i området mellom Ortasjøen og Lago Maggiore. Ho renn så inn i provinsen Novara, provinsen Pavia, Lomellina (i kommunane Castello d'Agogna og Lomello), og mottar Erbognone frå venstre. Ho munnar ut i Po ved Balossa Bigli, ein del av kommunen Mezzana Bigli.
Under Napoleonskrigane gav Agogna namnet til eit departement i Det napoleonske kongedømet Italia med Novara som hovudstad.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Agogna» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2007.
Bakgrunnsstoff
- Le Oasi della Federazione Nazionale Pro Natura
- Centro di Formazione Ambientale Monferrato Arkivert 2007-03-15 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads