Ain
fransk departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ain er eit departement i dei austlege område av Frankrike. Ain ligg på grensa til Sveits, og er kalla opp etter elva med same namn som renn gjennom departementet. Departementnummeret til Ain er 01.
- For elva med same namn, sjå elva Ain
Remove ads
Historie
Departementet er ein av 83 departement som vart oppretta under den franske revolusjonen 4. mars 1790. Han vart opprette frå dei fire tidlegare provinsane Bresse, Bugey, Dombes og Gex, og delvis av eit femte kalla Franc-Lyonnais.
Så tidleg som på 1200-talet snakka innbyggjarane ein spesiell dialekt av frankoprovensalsk språk kalla bressan. Dei heldt fram med å snakke denne dialekten i Ain inn på 1900-talet.
Området var opphavleg ein del av det gamle kongdømet Burgund, før det var avstått til Frankrike av hertugane av Savoie i 1601. Frå 1798 til 1814 var Gex ein del av departementet Léman. Seks kommunar i sørvest vart skild frå Ain i 1967 og vart ein del av storbyområdet til Lyon.
Remove ads
Geografi
Departementet er delt nord-sør av elva Ain. Dei vestlege områda består av sletter og låge platå, medan dei austlege områda er meir fjellkledde og består av dei sørlege områda av Jurafjella. Det høgaste punktet i departementet (og i Jurafjella) er the Crêt de la Neige (1 720 m).
Ain er omringa av dei franske departementa Jura, Saône-et-Loire, Rhône, Isère, Savoie og Haute-Savoie. I aust grensar det til dei sveitsiske kantonane Géneve og Vaud.
Byar
Dei største byane og landsbyane i Ain er:
- Ambérieu-en-Bugey
- Bellegarde-sur-Valserine
- Belley
- Bourg-en-Bresse
- Ferney-Voltaire
- Gex
- Meximieux
- Montluel
- Nantua
- Oyonnax
Elvar
I tillegg til elva Ain renn følgjande elvar gjennom departementet:
Remove ads
Bakgrunnsstoff

- Offisiell nettside
- Prefekturet si nettside
- Side om turisme Arkivert 2005-07-28 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads