Departementet Rhône
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rhône (frankoprovensalsk Rôno) er eit departementet aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.
Remove ads
Historie
Rhône vart oppretta 12. august 1793 då det tidlegare departementet Rhône-et-Loire vart delt i dei to departementa Rhône og Loire.
Opphavleg låg Lyon så langt aust i Rhône at kommunane like aust for Lyon høyrte til nabodepartementet. Etter kvart som Lyon voks og storbyomådet gjekk over i nabodepartementet vart dette sett på som svært upraktisk. Derfor har Rhône fleire gongar vorte utvida for å få med seg forstadane til Lyon.
- I 1852 vart 4 kommunar frå Isère innlemma i Rhône.
- I 1967 vart 23 kommunar frå Isère og 6 kommunar frå Ain innlemma i Rhône.
- I 1971 vart ein kommune frå Isère innlemma i Rhône.
Med desse utvidingane har arealet til Rhône auka frå 2 791 km² til 3 249 km² i dag (16,4% større).
Remove ads
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Ain, Isère, Loire og Saône-et-Loire.
Av elvar i departementet finn ein Rhône og Saône (som munnar ut i Rhône i Lyon).
Andre byar er Villeurbanne, som går i eitt med dei austlege forstadane til Lyon og Chaponost.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Rhodaniens.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads