Air av Bach
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Air, òg kjend som «Air on the G String» («Air på G-streng») er ein kjend sats frå Orkestersuite Nr. 2 i D-dur, BWV 1068, av Johann Sebastian Bach. Satsen er den andre i verket og er kanskje den mest kjende melodien av alle Bach skreiv.[1]
Bach komponerte truleg denne suiten i 1731. Dette var ikkje den slags musikk han vanlegvis skreiv, og det er lettare kost enn dei normalt meir strenge, religiøse eller fugale verka. Desse verka var berre meint som underhaldning. Det vart truleg først spelt i Leipzig i Zimmermanns kaffihus i Cather-Strasse.
Namnet «Air on the G String» kjem frå eit arrangement for fiolin og piano, av August Wilhelmj[2]. Han transponerte stykket frå den opphavlege D-duren til C-dur og transponerte melodien ned ein oktav. Wilhelmj kunne då spele stykket på berre ein fiolinstreng, G-strengen.
Procol Harum nytta nokre taktar frå dette stykket i hitsingelen deira, «A Whiter Shade of Pale».[3]
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Orkestersuitar: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project. (nedst)
- Notar og MIDI-fil på Mutopia Project, orkesterarrangement
- Notar og MIDI-fil på Mutopia Project, trombonekvartett-arrangement
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads