Leipzig

From Wikipedia, the free encyclopedia

Leipzig
Remove ads

Leipzig (sorbisk Lipsk) er ein by i Tyskland og den største byen i delstaten Sachsen. Byen har eit innbyggjaratal på om lag 620 000, og ligg der elvane Pleiße, Weiße Elster og Parthe renn saman.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Leipzig (fleirtyding).
Kjappe fakta Land, Stat ...
Remove ads

Leipzig er kjend for universitet og varemessa. Det første tyske arbeidarpartiet vart grunnlagd i byen.

Namnet Leipzig kjem frå det slaviske ordet Lipsk, som tyder 'busetnad ved lindetrea'.[1]

Remove ads

Historie

Thumb
Thomaskirche, der Johann Sebastian Bach var organist og Martin Luther har preika.
Foto: Dirk Goldhahn

Den første historiske omtalen av byen er frå 1050, då me høyrer om ein slavisk busetnad som heitte Lipsk. På grunn av tysk ekspansjon austover blei byen etter kvart ein av deira handelsstader, og fekk byrettar i 1165 av markgreven av Meissen.

Byen blei stygt skada av bombeåtak frå dei allierte under den andre verdskrigen. Medan det budde over 750 000 menneske i byen like før den andre verdskrigen, hadde folketalet gått ned til 500 000 i 2002.

I 1989 byrja den fredelege revolusjonen mot DDR-styret i byen med såkalla Montagsdemonstrationen.

Remove ads

Kjende personar med samband til Leipzig

Thumb
Reichsgericht, rettsbygningen i Leipzig.
Foto: Dirk Goldhahn

Leipzig har i mange hundreår vore eit kultursentrum i Tyskland, noko ein merkar på menneska som har vore innom byen. Filosofen Gottfried Leibniz og fleire musikarar frå Bach-familien verka eller var fødde her, mellom anna Johann Sebastian Bach. Martin Luther preika i byen.

Fleire nordmenn har søkt seg til Leipzig. Ei rekke norske komponistar og musikarar, som Edvard Grieg, Johan Selmer, Ole Olsen, Johannes Haarklou, Christian Sinding, Eyvind Alnæs, Johan Halvorsen og Geirr Tveitt studerte her. Av norske vitskapsmenn var Sophus Lie professor i matematikk og Vilhelm Bjerknes professor i geofysikk ved Universitetet i Leipzig. Salmediktaren Elias Blix studerte teologi ved universitetet frå 1871 til 1872. Han hadde adresse Parkstrasse 2.[2]

Remove ads

Verd å vitja i byen

  • Det gamle rådhuset, bygd av Hieronymus Lotter på 1500-talet
  • Det nye rådhuset
  • Thomaskirche
  • Nikolaikirche
  • Völkerschlachtdenkmal (monument over folkeslaget)
  • Universitetet i Leipzig
  • Det tyske biblioteket
  • Gohlisslottet
Thumb
Panoramabilete av Leipzig.
Foto: Tilman Scheinpflug

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads