Ajman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ajman (arabisk عجمان, romanisert Aǧmān) er hovudstaden i emiratet Ajman i Dei sameinte arabiske emirata og ligg langs Persiabukta.
Remove ads
Folketal
Byen hadde 238 000 innbyggjarar i 2010. Dette er meir enn 90 % av folketalet i heile emiratet. Byområdet glir direkte over i byen Sharjah langs kysten i sørvest, som igjen har vokse saman med Dubai. I lag dannar dei eit samanhengande byområde.
Handel
I Ajman ligg kontoret til emiren, fleire selskap og marknadar, og kring 50 internasjonale og lokale butikkar. Her ligg òg fleir bankar.
Turisme
Ajman har kome i gang att etter finanskrisa i 2007-2008. Turistmåla i emiratet, inkludert hotell, shopping og kulturinstitusjonar, er i rask vekst. Av turistmål finn ein Ajman nasjonalmuseum nær Ajman Fort, Det raude fortet og museet i innlandsenklaven Manama.
Mange familiar vitjar den travle og populære cornichen i Ajman på kveldane og i helgane med mange snøggmatbutikkar, kafear og bodar.
Samferdsle
Den naturlege hamna i Ajman ligg langs ei naturleg vik som går innover i byen.[2] Arab Heavy Industries ligg i Ajman og er ein av dei største skipsprodusentane i verda.[3]
Hovudflyplassen i emiratet ligg i enklaven Manama, kring 60 km aust for byen, og er dermed i ein av dei mest fjerntliggande delane av emiratet. Sharjah internasjonale lufthamn ligg derimiot berre nokre få kilometer unna.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads