Akaba guvernement

From Wikipedia, the free encyclopedia

Akaba guvernement
Remove ads

Akaba (arabisk محافظة العقبة, romanisert Muhafazat al-ʻAqabah) er eit guvernement i Jordan, sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er Akaba. Det er det fjerde største guvernementet i Jordan etter areal og det tiande største etter folketal.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Akaba er ein hamneby ved Raudehavet og spelar ei viktig rolle i den jordanske økonomien. To av dei tre største turistmåla i Jordan ligg i Akaba guvernement, Wadi Rum, og hamnebyen Akaba.

Remove ads

Geografi

Thumb
Byen Akaba er hovudstaden i Akaba guvernement
Thumb
Wadi Rum.

Akaba guvernement ligg heilt sørvest i Jordan, og grensa til Ma'an guvernement i aust, Tafilah guvernement i nord, Saudi-Arabia i sør, Israel i vest og Akababukta i sørvest.

Historie

Byen Akaba har vore busett sidan 4000 fvt., og nådde toppen sin i romartida, då romarane bygde Via Traiana Nova som endar i Akaba.

Akaba var òg åstad for somme av eventyra til sjøfararaen Sinbad i dei kjende arabiske eventyra.

I moderne historie er Akaba kjend for Lawrence av Arabia og slaget ved Akaba, eit av dei viktigaste slaga i fyrste verdskrigen i Midtausten.

Dei eldste funna skriven med arabisk alfabet var funnen i Wadi Rum i Akaba guvernement, og er datert attende til 300-talet.

Remove ads

Administrativ inndeling

Akaba guvernement er delt inn i tre department:

Meir informasjon Nahiya, Arabisk namn ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads