Amman

From Wikipedia, the free encyclopedia

Amman
Remove ads

Amman (arabisk عمّان ʿAmmān) er hovudstaden og den største byen i Jordan. Han er det politiske, kulturelle og kommersielle senteret i yben og ein av dei eldste, kontinuerleg busette byane i verda. Stor-Amman har eit folketal på 2 842 629 (2010).[2] Amman har i nyare år hatt ein økonomisk vekst som har vore langt større enn andre arabiske byar utanfor området kring Persiabukta. Amman er òg det administrative senteret i Amman guvernement.

Kjappe fakta Land, guvernement ...

Amman er eit stort turistmål i regionen og er særleg populær blant innbyggjarar rundt Persiabukta.[3]

Remove ads

Historie

Thumb
Herkulestempelet med romerske søyler ved Jabal al-Qal'a.
Thumb
Amman seint i 1960-åra.

Arkeologi

Gjennom den lange historia si har Amman vore busett av mange sivilisasjonar. Den første kulturen som er registrert her var under førkeramisk yngre steinalder B, kring 7250 fvt.. Arkeologiske funn i 'Ain Ghazal, aust i Amman, synte både spor etter busetnad og kunstnarisk arbeid, som indikerer at det var ein godt utvikla kultur som budde i området.[4] Ein har funne ein megalittisk menhir i Amman ved Wadi Saqra.[5]

Oldtida

På 1200-talet fvt. vart Amman kalla Rabbath Ammon eller Rabat Amon av ammonittane . I Det gamle testamentet vart han kalla Rabbat ʿAmmon. Han vart seinare erobra av assyrarane, etterfølgd av persarane, og så av gresk makedonarar. Ptolemaios II Filadelfos, den makedonske herskaren av Egypt, gav byen namnet Filadelfia (gammalgresk Φιλαδέλφεια). Byen vart ein del av det nabateiske kongedømet fram til 106 evt. då Filadelfia vart ein del av Romarriket og Dekapolis.[6]

Nyare tid

Byen vart øydelagd av fleire jordskjelv og naturkatastrofar og var ein liten landsby i ein haug med ruinar fram til tsjerkessarar slo seg ned her i 1878.[7] Byen byrja å utvikle seg då den osmanske sultan valde å leggje Hejazbanen, mellom Damaskus og Medina innom Amman, og med dei mange pilegrimsfarande og handelen dette medførte, voks byen raskt.[treng kjelde]

I 1921 valde Abdullah I Amman føre As-Salt som sete for regjeringa i den nye staten han oppretta, emiratet Transjordan, og seinare vart han hovudstaden i det hashimittiske kongedømet Jordan. Sidan det ikkje var noko palassbygning her, byrja han å styre frå stasjonen, og hadde kontoret sitt i ei togvogn. Amman var ein liten by fram til 1948, då det strøymde til med palestinske flyktningar frå Palestina etter den arabisk-israelske krigen i 1948.

I 1970 var Amman åstad for store samanstøytar mellom Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) og den jordanske hæren. Alt kring Kongepalasset fekk store granatskadar. Folketalet i byen fortsette å vokse raskt (med stadig fleire flyktningar frå Vestbreidda og Irak). Etter 1948 vart den neste bølgja med flyktningar etter seksdagarskrigen i 1967. Ei tredjebølgje av palestinske, jordanske og søraustasiatar, kom til Amman frå Kuwait etter Golfkrigen i 1991. Den første bølgja med irakiske flyktningar slo seg ned i byen etter den første Golfkrigen, og den andre bølgja kom etter Irakkrigen i 2003. Dei siste ti åra er det bygd mange nye bygg i byen, og nye bydelar har oppstått raskt, særleg vest i byen. Dette har ført til stort press på dei alt knappe vassressuraane i området.

Den 9. november 2005 råka koordinerte eksplosjonar tre hotell i Amman, der 60 personar mista livet og 115 andre vart skadde. Al-Qaida tok på seg ansvaret for handlinga, trass i at fødestaden til den dåverande terroristleiaren Abu Musab al-Zarqawi var byen Zarqa, som ligg mindre enn 30 km frå Amman. Brutaliteten i åtak, mellom anna retta mot eit bryllaup på eit av hotella, gørte til omfattande sinne hos jordanarane. Store demonstrasjonar følgde etter åtaka.

Remove ads

Geografi

Thumb
Amman i 1940.
Thumb
Kjelde i eit velståande nabolag i hovudstaden.
Thumb
Ei ortodoks kyrkje med snø i Amman.

Amman ligg i eit åslandskap nordvest i Jordan. Byen var opphavleg bygd over sju åsar, men dekkjer no eit område på 19 åsar (kvar av dei med Jabal eller Tál i namnet). Hovudområda til Amman er kalla opp etter desse åsane. Byen ligg i ei høgd frå 700 til 1100 meter over havet.

Klima

Plasseringa til Amman i fjella og relativt nær Middelhavet gjer at det har eit kaldt halvtørt klima (Köppen si klimaklassifisering: BSk) Byen har varme til steikande, tørre somrar, medan det kjem noko nedbør om vinteren og temperaturen er frå mild til kjølig.[8] Våren er kort, mild og varer mindre enn ein månad, frå april til mai, med noko regn om morgonen og ettermiddagen. Maks.temperaturane er kring 15 til 20 °C og min.temperaturane under 10 °C og fleire gonger nær 0 °C, slik at det blir frost.

Sommaren i Amman startar i midten av juni og varer til midten av september. Om sommaren er dagtemperaturen frå 25 °C til 30 °C, vanlegvis med låg til moderat fukt, og ein bris som kjøler ned. Dei fleste somrane er heilt utan regn med skyfri himmel, men med utrygt for korte regnbyer eller tåke om natta.

Vinteren starta vanlegvis seint i november eller tidleg i desember og varer til seint i april. Temperaturane er vanlegvis nær eller under 10 °C, med snø vanlegvis nokre gonger kvart år.[9] Det er ofte tåke om vinteren, kring 120 dagar av året.[9] Snøtunge dagar skjer fleire gonger i året, men på grunn av høgdeskilnader kjem det meir snø nord og vest i Amman (der høgda er over 1000 moh) medan det samstundes kan vere regn i sentrum av byen, som ligg 776 moh. Det kan snø heilt frå november til slutten av mars.

Meir informasjon Vêrdata for Amman, Jan ...
Remove ads

Bydelar

Byen vert styrt som Stor-Amman kommune (GAM) og dekkjer 27 bydelar som omfattar:[12]

1Âbdali4Qwésmé, Jwaydé, Abu Âlanda og Raqim7Müwaqar10Bader è Jadida13Jbeyha16Mārka19Ohod22Şhafa Badran25Tlaâ’l Âli
2Abu Nsér5Yarmuk8Mqabalayen11Basmān14Khraybet essouq17Médina20Rās ıl Êyn23Swéyleh26Vādi'l Sér
3Um-Ožayna6Jizah9Bader12Hüsbān15Marj ıl Hamām18Naûr21Sahāb24Tariq27Zahrān
Thumb
Flyfoto av Amman
Thumb
Rundkøyring i Amman

Samferdsle

Thumb
Bybuss

Den største flyplassen i byen er Queen Alia internasjonale lufthamn, og ligg kring 30 km sør for Amman. Dette er den største internasjonale flyplassen i Jordan og hovudbasen til Royal Jordanian, det nasjonale flyselskapet. Flyplassen vart nyleg utvida og oppgradert og kan ta i mot over 12 million passasjerar i året. Amman sivile lufthamn er ein flyplass med ein terminal som hovudsakleg tar seg av innanlandsruter, nærliggande internasjonale ruter og det militære.[13]

Abdounbrua går over Wadi Abdoun og knyter den 4. ringvegen til Abdoun-ringvegen. Han vert rekna som eit av dei mange landemerka i Amman. Det var den første boga hengebrua som vart bygd.

Det er planar om å utvide bussnettverket i byen og byggje ein undergrunnsbane med tre linjer.

Remove ads

Økonomi

Thumb
Amman
Thumb
Souk JARA.

Amman er eit senter for forretningar og nye høghus endrar stadig bybiletet. Etter Irak-krigen i 2003, har mange forretningsverksemder med Irak gått via Amman.

Amman og Jordan tar i mot mange turistar, særleg medisinske turistar. Amman tar i mot 250 000 utanlandske pasientar kvart år og får på dette inn over 1 mrd. dollar i året.[14]

Rubicon Group Holding og Maktoob, to store IT-selskap i regionen, er basert i Amman.

Turisme

Amman er den åttande mest vitja byen av turistar og forretningsfolk i Midtausten og Afrika. 1,8 million turistar vitja Amman i 2011 og la att 1,3 mrd. dollar i byen.[15]

Remove ads

Utdanning

I 2010 var det så mange som 14 universitet i Amman. Universitetet i Jordan er det største universitetet i Amman, Applied Science Private University vart rangert som det største pirvate universitetet.

  • Universitetet i Jordan
  • Applied Science University
  • Balqa tekniske universitet – Polyteknisk fakultet for ingeniørteknologi
  • Balqa tekniske universitet – Amman universitet for økonomi og finans
  • Amman arabiske universitet
  • Midtausten universitet
  • Arabiske opne universitet
  • Arabisk akademi for finans
  • Al-Isra universitet
  • Columbia universitet: Amman Sentral
  • DePaul universitet: Amman Sentral
  • Det tysk-jordanske universitetet
  • Jordan musikkakademi
  • New York Institute of Technology, Jordan
  • Institute of Banking Studies: Amman-greina
  • Princess Sumaya teknologiske universitet
  • Petra universitet
  • Queen Noor sivil luftfartscollege
  • Al-Zaytoonah universitet i Jordan
  • Al Quds College
  • Jordan akademi for maritime studiar
Thumb
Ein historisk bygning i Jabel Webdeh
Thumb
Ein moabittisk sarkofag i Jordan arkeologiske museum.
Remove ads

Idrett

Dei Amman-baserte fotballklubbane Al-Wehdat og Al-Faisaly har vunne nasjonale titlar mange gonger.

Amman er vertskap for Jordan rally, som er ein del av FIA World Rally Championship, og dette vart den største idrettshendinga som har blitt halde i Jordan.

Media

Det er mange radiostasjonar i Jordan, og dei fleste er baserte i Amman, og det same er dei fleste jordanske avisene og nyhendestasjonane. Av jordanske dagsaviser i Amman finn ein Alghad,[16] Ad-Dustour,[17] og The Jordan Times.[16]

Turistmål

Thumb
Omajadepalasset på toppen av Jabal al-Qal'.

Mange av turistmåla i Amman ligg i gamlebyen, med senter kring den gamle marknaden og Kong Hussein-moskeen. Dei største turistmåla i byen er :

  • Sentrumsområdet (lokalt kalla al-Balad) har framleis ein gammal karaketer, sjølv om området rundt er eit moderne byområde. Jabal Amman er ein kjend turistattraksjon i gamle Amman, med dei største marknadane i hovudstaden, fine museum, gamle bygg, monument og kulturstader.
  • Citadellåsen i Amman, kalla Jabal al-Qal'a, med Herkulestempelet, som er sagt å ha blitt bygd under den romerske keisaren Marcus Aurelius som regjerte frå 161 til 180 evt, og minnar om Artemistempelet i Efesos. Det har vore busett i hundreår og er ein viktig militær og religiøs stad. Han er datert attende til romersk og bysantinsk tid, og seinare er det gjort endringar her i tidleg islamsk tid. Det er grave fram ruinar i nord- og austenden av citadellet, som kanskje er datert attende til bronsealderen.
  • Det romerske forumet og romerske teateret — det største teateret i Jordan — med plass til 6 000 tilskodarar. Ein trur at det vart bygd mellom 138 og 161 evt. av den romerske keisaren Antoninus Pius, og vert i dag framleis nytta til forskjellige kulturføremål.

I Jordan arkeologiske musem finn ein mange funn frå oldtida frå heile landet.

Den nyaste moskeen er den enorme Kong Abdullah I-moskeen, som vart bygd mellom 1982 og 1989. På toppen har han ein stor blå mosaikk-kuppel med plass til 3000 bedande muslimar under. Den mest uvanlege moskeen i Amman er Abu Darweesh-moskeen på toppen av Jabal Ashrafieh (det høgaste punktet i byen). Det er dekt med svart og kvitt rutemønster, som er unikt i Jordan. Han er synleg frå lang avstand.

Thumb
Wakalat-gata

Uteliv

Amman vert rekna som ein av dei mest «vestlege» og liberale byane i den arabiske verda. Amman har blitt eit populært mål for «vestlege» utlendingar og studentar som ønskjer å bu, arbeide eller studere i Midtausten. Her finst restaurantar med alle typar mat frå heile verda, og det vert servert alkohol på restaurantar, barar, nattklubbar og til og med supermarknader.[18]

Det finst mange nattklubbar og barar i byen, særleg i Vest-Amman. I 2011 var det registrert 77 nattklubbar i Jordan (utanom barar og pubar), dei fleste av dei i Amman.[19]

Remove ads

Venskapsbyar

Amman er venskapsby med:[20]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads