Akkar distrikt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Akkar distrikt
Remove ads

Akkar (arabisk عكار) er eit distrikt (qadaa) i Nord guvernement i Libanon. Distriktet dekkjer eit areal på 788 kvadratkilometer og har oppunder 200 000 innbyggjarar. Det administrative senteret er Halba. Namnet Akkar kjem frå det assyriske ordet akkare, som tyder «bønder».

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Distriktet er karakterisert av relativt store kystsletter, med høge fjell i aust. Akkar har vore styrt dei siste 400 åra av emirane og beikane frå Merheb-familien (Merheb, Merhebi, Shdid, EL Ali, Othman, Kaddour og fleire). Etter den libanesiske borgarkrigen tok bønder over landområda med hjelp av syriske soldatar under borgarkrigen. Dei største byane i Akkar er Halba, al-Bireh (tidlegare kalla «Biret el Hokem» der ein finn Merhebborga) og Kobayat (Quobayet).

Akkar har fleire arkeologiske stader med romerske og arabiske ruinar. Ein av dei mest kjende arkeologiske stadane og fødestaden til keisaren Alexander Severus, er tellen Arqa nær byen Miniara. Det er gjort fleire førhistoriske funn i Akkaråsane, som ein trur har vore i bruk av Qaraoun-kulturen i starten av den yngre steinalderrevolusjonen.[1][2]

Remove ads

Demografi

Innbyggjarane i Akkar region er hovudsakleg sunnimuslimar, etterfølgd av gresk-ortodokse kristne. maronittar, i tillegg til at regionen har den største folkesetnaden av alawittar i Libanon. Melkittar eller gresk-katolikkar finst òg i mindre mengder i regionen. Det bur òg turkmenarar i regionen.

På grunn av fattigdom og andre faktorar i distriktet har mange folk betalt menneskesmuglarar for å føre dei i farlege båtferder til Australia. Reiser har ofte enda i at båtane har forlist i det farlege Indiahavet.[3]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads