Akkarvik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Akkarvik er ei bygd sør og vest på Arnøya i Skjervøy kommune i Troms. Bygda, som ligg ved Langfjorden, har i dag om lag 10 fastbuande. Akkarvik er endepunkt for Fylkesveg 348 i Troms. Bygda har elles vegsamband til Arnøyhamn i aust, og til Årviksand i nord.

Thumb
Akkarvik

Akkarvik har vore busett sidan 1600-talet. Bygda var på sitt største i 1950-åra, med eit folketal på over 300. Den gongen hadde bygda anløp av lokalbåt fleire gongar dagleg, to butikkar, bakeri, postkontor og stasjon for rikstelefon. Midt på 1960-talet byrja folk å flytte frå Akkarvik, og i 1984 vart skulen nedlagd. I 2001 budde 24 personar i bygda, fordelt på 14 heimar. Sidan har folketalet minka til 10 i 2025.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads