Al-Ariqah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ariqah eller ‘Arīqah (arabisk عريقة) er ein landsby sør i Syria med kring 3 000 innbyggjarar. Han ligg i hjartet av det berglendte vulkanplatået Lejah. Administrativt høyrer Ariqah til Mantiqat Shahba (Shahba-distriktet) i As Suwayda guvernement. Ariqah er mest kjend for ei vulkansk grotte som ligg i ei 10 meter djup hól i midten av landsbyen. Grotta vert kalla Arigagrotta og strekkjer eg frå to til tre kilometer inn i gamle lavastraumar. Ho er den største kjende grotta i det sørlege Syria.
Remove ads
Historie
Historisk sett har ‘Arīqah vorte rekna som sentrum i det utilgjengelege Lajat, og mange hus frå bysantinsk tid står framleis i byen og er busett av lokale innbyggjarar. Her finst òg ruinar av eit bysantinsk kloster kalla «Deir Ariqa».[treng kjelde]
I 1596 var Al-Ariqah oppført i osmanske skattelister som 'Ahiri og var ein del av Bani Abdullah nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 18 hushaldningar og 3 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar og ei vassmølle.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads