Al-Bab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al-Bab
Remove ads

Al-Bab (arabisk الباب, al-Bāb) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Aleppo guvernement. Al-Bab ligg nordaust for Aleppo og har eit areal på 30 km². Al-Bab ligg 471 meter over havet. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde han eit folketal på 140 000 i 2004.[1] Majoriteten i byen er sunnimuslimar.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Namn

Al-Bāb tyder på arabisk porten. I følgje den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi i 1226 er namnet ei forkorting for Bāb Bizāʻah (porten til Bizāʻah). Bizāʻah (òg Buzāʻah og Bzāʻā) er ein by som ligg kring 10 kilometer aust for Al-Bāb.

Historie

Al-Bab vart erobra av den arabiske armeen til Rashidun-kalifatet under kalif Umar ibn al-Khattab. Han fekk namnet sitt under islamstyret då han fungerte som «porten» mellom Aleppo og den nærliggande byen Buza'ah. Grava og skrinet til Aqil ibn Abi Talib (bror til Ali) låg i al-Bāb, og fram til Ajjubide-dynastiet styrte byen på 1200-talet, var byen hovudsakleg busett av sjiaer frå ismaili-sekta.[2]

I følgje Yaqut al-Hamawi i 1226 var han ein liten by i distrikt Aleppo. I byen var marknader fylte med ein type bomullsprodukt kalla kirbas, som vart eksportert til Damaskus og Egypt. Abu al-Fida skreiv at al-Bab var ein liten by med ein marknad, eit bad, fine hagar og ein moske (den store al-Bab-moskeen).[2]

Den syriske borgarkrigen

Seint i juli 2012, under den pågåande syriske borgarkrigen, trekte den syriske hæren seg frå byen al-Bab etter kampar mot Den frie syriske armeen (FSA).[3] Då byen vart erobra fekk FSA full kontroll over områda nordaust for Aleppo.[4] I følgje aktivistar i opposisjonen var det ein garnison frå regjeringsstyrkane att utanfor al-Bab som har bomba byen sidan FSA tok over.[5] Den 30. november vart ei tønnebombe vart sleppt frå eit helikopter i Al Bab og minst 120 menneske mista livet.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads