Al-Bireh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al-Bireh
Remove ads

Al-Bireh, al-Birah eller el-Bira (arabisk البيرة) er ein palestinsk by like ved Ramallah, sentralt på Vestbreidda, 15 km nord for Jerusalem.[2] Han ligg på ein sentral rygg som går gjennom Vestbreidda, 860 meter over havet.

Denne artikkelen handlar om landsbyen i Palestina. For byen i Libanon, sjå Al-Bireh i Libanon.
Kjappe fakta Land, Guvernement ...

På grunn av plasseringa ligg al-Bireh i den økonomiske overgangen mellom nord og sør, og langs karavaneruta mellom Jerusalem og Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på kring 39 202 i 2007.[3]

Remove ads

Historie

Thumb
Al-Bireh krossfararkyrkje i 1880.

Edward Robinson identifiserte Al-Bireh tidleg på 1800-talet som den bibelske Be'eroth,[4].

Krossfararane erobra og kalla byen Birra. Han vart òg kalla Castrum Mahomeria, Magna Mahomeria eller Mahomeria Major.[5] Han var ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[6] I 1114 vart gåva stadfesta av Baldwin I av Jerusalem.[7]

I 1156 sverga 92 menneske frå Mahomeria truskap til Den heilage grav-kyrkja, og seinare 50 namn til dei neste tre tiåra. Det er derfor estimert at den totale frankiske folkesetnaden på denne tida var 500-700.[5][8]

Krossfararane bygde ei borg,[9] kyrkje og herberge der.[5][10][11] Dei to sistnemnde bygningane vart bygde av tempelriddarar i 1146 og høyrte til Den heilage grav-kyrkja. Ajjubidane under Saladin dreiv bort krossfararane frå Birra, då dei erobra dei indre områda av Palestina etter slaget ved Hittin i 1187, og øydela byen fullstendig. Yaqut al-Hamawi nemner å ha sett ruinane nokre få gonger under reisene sine i området.[12] Nær slutten av styret til ajjubidane, i 1280, var den moderne byen al-Bireh ein busett landsby. Ajjubidane bygde ein moské i byen tileigna Umar ibn al-Khattab like ved ruinane av kyrkja.[13]

Osmansk tid

Al-Bireh vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene frå 1596 vart landsbyen kalla Bira al-Kubra i Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Han hadde eit folketal på 45 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, frukttre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[14]

Etter arabaropprøret i Palestina i 1834, kalla dei osmanske styresmaktene mange menn frå Al-Bireh inn som soldatar. I 1838, då Robinson vitja staden, hadde 60 vorte tekne bort som soldatar av ein folkesetnad på 700.[4]

Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, hadde han 800 innbyggjarar.[15] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Bireh som ein ganske stor landsby, med «ganske velhaldne» hus.[16]

Fram til 1917 var byen eit politisk og administrativ senter i Det osmanske riket.{{treng kjelde

Det britiske mandatet

I folketeljinga i 1922 hadde Al-Bireh eit folketal på 1 479; 1 407 muslimar, og 72 kristne,[17] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 2 292, 2044 muslimar og 248 kristne, i 541 hus.[18]

I 1945 var folketalet i byen 2 920, der byområdet var på 967 mål og landsbygda 22 045 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[19] Av dette var 5 162 mål var plantasjar og irrigert land, 11 226 nytta for korn,[20] medan 759 mål var utbygd (urbant) land.[21]

Etter 1948

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Al-Bireh under Jordan sitt styre. Den 6. juni 1967 tok israelske soldatar kontrollen over byen frå jordanarane i seksdagarskrigen. I 1994 vart det sivile styret av byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta som følgje av Osloavtalen. Al-Bireh er det nest største senteret for palestinsk administrasjon etter Gaza. Utanom hovudkvarteret til guvernøren, ligg fleire statlege, ikkje-statlege og private organisasjonar her.

Remove ads

Venskapsbyar

  • Det amerikanske flagget Youngstown i Ohio
  • Det amerikanske flagget Fort Lauderdale i Florida
  • Flagget til Frankrike Gennevilliers i Frankrike

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads