Al-Dumayr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al-Dumayr
Remove ads

Dumeir, Dumair, Damir eller Dumayr (arabisk ضمير eller الضمير) er ein by som ligg 40 kilometer nordaust for Damaskus i Syria.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Arkeologi

Det romerske Dumeirtempelet ligg midt i gamlebyen. Det var tileigna Zevs Hypsistos i 245 evt. i regjeringstida til den romerske keisaren Filip arabaren. Det finst likevel ein tidlegare referanse til bygningen i eit søksmål i 216. Eit altar tileigna til den semittiske guddomen Baal Shamin i 94 evt., no i Institut du Monde Arabe i Paris, indikerer at ein nabateisk religiøs bygning stod på staden.

Forma er særs uvanleg og konstruksjonen kan ha først vore ein offentleg fontene eller skysstasjon, men i den endelege forma er det heilt klårt eit tempel. Det vart befesta i arabisk tid, og bogen på bakveggen vart fylte att med steinar og forsvarsutstyr.

Tempelet har sidan blitt restaurert og tilbakeført til slik det opphavleg var.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads