Al-Hindiya-distriktet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Al-Hindiya-distriktet (arabisk قضاء الهندية Kaza Al-Hindiya) er eit distrikt i Karbala guvernement i Irak. Den største byen er Al-Hindiya, aust for Karbala. Hindiya-demninga i nord kontrollerer flaumvatn og avleier vatn frå Eufrat til vatningskanalar på begge sider av elva.
Folketalet er kring 230 000, hovudsakleg sjiamuslimar og mange flyktningar.
Distriktet ilgg heilt aust i Karbala guvernement og grensar til Babil guvernement i aust.Eufrat flyt gjennom distriktet frå nord til sør. Observasjonar i Hindiya i 1920- og 1930-åra gav ein årsmiddelnedbør på 160 mm, men det varierte frå 568 mm på det meste til 37 mm på det minste.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads