Al-Midya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
al-Midya (arabisk المديه) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 20 kilometer vest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen 1301 innbyggjarar i 2007.[1]
Remove ads
Historie
Den gamle landsbyen ligg ved Ras al-Midya, søraust for landsbyen, der ein har funne keramikk frå jernalderen og seinare periodar. Han vart visstnok nemnt av Ishtori Haparchi under mamelukkane.[2]
Osmans tid
Al-Midya vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde eit folketal på 25 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar eller oliven eller frukttre, og ei presse for oliven eller druer.[3]
I 1870 vitja Victor Guérin landsbyen og meinte at ruinane her var graver etter makkebarane.[4] Men Clermont-Ganneau gjorde omfattande utgravingar seinare og fann kristne krossar i dei eldste delane av den største strukturen. Han konkluderte med at ruinane var frå 400-talet eller seinare, i bysantinsk tid.[5]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Midieh som ein ganske stor landsby med hus anten bygd av adobe eller stein. I nord låg ein liten olivenlund, i sør ein tank. Det «raraste» dei fann vart kalla er Ras. Det var ein høg, kjegleforma knaus, med ein muqam på toppen, og graver hogde ut i sidene.[6]
Det britiske mandatet
I folketeljinga i Palestina i 1922, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Midya ein muslimsk folksetnad på 245 innbyggjarar,[7] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 286, framleis alle muslimar, 59 hus.[8]
I 1945 var folketalet i el Midya 320 arabarar, som eigde 7 020 mål med land i følgje ei offisiell måling.[9] Av dette var 688 mål plantasjar og irrigert land, 2 304 mål for kornåkrar,[10] medan 8 mål var utbygd (urban) område.[11]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads