Al-Qassim-regionen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Al-Qassim-regionen (arabisk منطقة القصيم, romanisert Al Qaṣīm, òg skrive Qassim, Al-Qaseem, Al-Qasim eller Gassim), er ein av tretten administrative regionar i Saudi-Arabia. Han ligg i hjartet av landet, og nesten midt på Den arabiske halvøya. Han har 1 159 438 innbyggjarar og eit areal på 58 046 km². Han er kjend som «grønsakskorga» i landet på grunn av jordbruket her.
Al-Qassim er den rikaste regionen per innbyggjarar i Saudi-Arabia.[1] Han er den sjuande mest folkerike regionen i landet etter Jizan og den femte mest folketette. Han har meir enn 400 byar, landsbyar og beduinbusetnader, ti av dei godkjende av staten. Hovudstaden er Buraydah, som er busett av kring 49 % av folketalet i regionen.
Remove ads
Namn
Al Qassim kjem frå ordet «Qassimah» (arabisk قصيمة), som refererer til قصائم الغضا, sanddynene i regionen.[2]
Stad
Provinsen ligg midt i Saudi-Arabia kring 400 km nordvest for Riyadh, hovudstaden i landet. Han grensar til Riyadh-regionen i sør og aust, til Ha'il-regionen i nord og til Al Madinah-regionen i vest. Regionen er knytt til nesten kvar einaste del av Saudi-Arabia av eit særs komplisert nettverk av hovudvegar. Den regionale flyplassen, Prins Nayef Bin Abdulaziz regionale lufthamn, knyt Al Qassim (Gassim) til andre provinsar i landet.
Remove ads
Historie
Før-islamsk tid

Ein kjenner lite til Al Qassim-provinsen i før-islamsk Arabia. Unaizah vart fleire gonger nemnd for vasskjeldene sine i dikt av Imru Al Qais, ein kjend arabisk diktar). AlJiwa, som ligg kring 60 km nord for Unzaizah, vart nemnd i det heroiske absi-diktet til Antarah bin Shaddad.
Abbasidane
Al Qassim-provinsen hadde nokre viktige kvilestader langs vegen for pilegrimane og handelsfolka som kom frå aust (hovudsakleg Persia og Irak) under abbasidane.
Zubeida-vegen var ein lang pilegrimsveg som starta frå byen Kufa i Irak og gjekk til Mekka i Arabia. Vegen vart bygd under regjeringstida til Harun Al Rashid og vart kalla opp etter kona hans Zubeida.
Stammekonflikt (1600-talet til 1907)
Al Abu Olayan, eit dynasti frå Banu Tamim-stamma, grunnla emiratet Buraydah seint på 1500-talet av leiaren, Rashid Al Duraiby. Han bygde Buraydah og gjorde han til provinshovudstad. Unaizah vart styrt av Al Sulaim-dynastiet. Emiratet vart seinare erobra av Muhanna Salih Abalkhail, leiaren for Abalkhail-dynastiet. I 1890, annekterte Rashidi-dynastiet, basert i Ha'il, provinsen. I 1904 gjenerobra Abalkhail-stamma provinsen. I 1907 vart provinsen ein del av kongedømet Saudi-Arabia.
Saudi-Arabia
Provinsen er den mest konservative regionen i Saudi-Arabia. Han ligg i hjartet av Najd og sentrum i salafi-rørsla. Provinsen vert rekna som ein av nøkkelbasane til Al Saud-familien, i lag med Al Riyadh-provinsen, Ha'il-provinsen og Al Jawf-provinsen. Mange kjende salafi-lærde og sjeikar har kome frå provinsen.[3]
Folketal
Geografi
Al Qassim-provinsen er delt av Wadi Al-Rummah (Rummahdalen). Dalen kryssar heile regionen frå vest til nordaust. Han er den lengste dalen på heile Den arabiske halvøya, og strekkjer seg kring 600 km frå nær Medina, til Thuayrat-dynene i aust og nordaust i regionen. Høgda på landskapet i Qassim er kring 600–750 meter over havet, og glir generelt frå vest til aust.
Klima
Al Qassim-regionen har eit typisk ørkenklima, kjend for sine kalde, regnfulle vintrar, og for sine varme og stundom behagelege somrar, med låg fukt.
Remove ads
Jordbruk

I lag med turisme, er jordbruk framleis hjørnesteinen i økonomien i regionen. Regionen har vore kjend for jordbruk i lang tid, men det er først i nyare tid at ein har byrja å dyrke kveite, og regionen er i dag den største eksportøren av korn i Saudi-Arabia. Regionen produserer òg dadlar, druer, sitronar, grapefrukt, mandarinar, appelsinar, granateple og mange grønsaker.
Buraydah (provinshovudstaden) er ein av dei største daddelprodusentane i verda. Kvar september vert det feira ein stor daddelinnhaustingsseremoni i byen, der folk frå GCC-landa kjem for å kjøpe dadlar. Byen har òg den største kamelmarknaden i verda. Unaizah er den nest største byen i provinsen og har sin eigen daddelinnhaustingsseremoni.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads