Al-Ziyarah

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al-Ziyarah
Remove ads

Al-Ziyarah (arabisk الزيارة, òg skrive Zeyareh) er ein by nord i Syria i Hama guvernement, 75 kilometer nordvest for Hama. Han ligg på Ghabsletta, ved austbreidda av Orontes.[1] Av stader i nærleiken finn ein Qarqur 7 kilometer mot nord, Sirmaniyah i nordvest, Qastun i aust og Farikah, Khirbet al-Arus og al-Amqiyah Tahta i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Ziyarah eit folketal på 3 541 i 2004. Han er òg senter for eit nahiyah («underdistrikt»), ein del av Al-Suqaylabiyah-distriktet, som består av 25 stader med eit samla folketal på 38 872 i 2004.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Al-Ziyarah er identifisert som den arameisk byen «Ziara» frå antikken, som var ein del av kongedømet Hamath.[1]

Namnet al-Ziyarah er arabisk for «vitjingsplass». Al-Ziyarah har fått namnet frå ein heilagdom med to kuplar som ligg i byen.[3] Domen er kvit og omgjeve av eiketre.[4] Frå her har ein utsyn over sletta kring byen og Nusayriyahfjella.[3]

Før 1960 var nahiyah al-Ziyarah ein del av Idlib guvernement, før det vart ein del av Hama guvernement.[5] I 1970 bestod ein gjennomsnittleg hushaldning i al-Ziyarah av nesten ni personar.[6] Eit prosjekt for kunstig vatning som dekte 17 400 hektar i al-Ziyarah-området vart sett i gang i 1990.[7] Prosjektet stod ferdig med bygginga av Zeyzoundammen i 1995. Den 4. juni 2002 kollapsa dammen og skapte storflaum i området. I fem byar, mellom anna al-Ziyarah, vart hundrevis av bustadhus anten øydelagde eller fekk store skadar, noko som fekk dei syriske styresmaktene til å be om internasjonal hjelp. I alt mista ti personar livet, fem av dei, to kvinner, to born og ein tilsett ved dammen, budde i al-Ziyarah.[8]

Den 5. november 2012, under den syriske borgarkrigen eksploderte ei bilbombe utanfor eit statleg utviklingsbyrå i in al-Ziyarah. Statleg media hevda at to personar omkom og 10 vart skadde, medan aktivistar på den andre sida hevda at 50 syriske soldatar og statlege militssoldatar omkom.[9]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads