Al Abr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al Abr
Remove ads

Al Abr eller Al ‘Abr (arabisk skrift آل العبر) er ein liten by sentralt i det austlege Jemen. Han er setet i Al Abr-distriktet i Hadhramaut guvernement. Det ligg ein liten flyplass ved byen.

Kjappe fakta Land, guvernement ...
Remove ads

Historie

Det er gjort fleire megalittiske funn i området rundt Al Abr.[1] Den opphavlege busetnaden bestod av ei gruppe brunnar i ein wadi, verna av ei gammalt borg (husn). Karavanar langs Røykjelsesruta kunne fylle vatn her og staden var òg base for beduinstammer som sa'ar eller sei'ar. Abdulla bin Schuwail al Dawsai, som var aktiv mot sa'ar seint i 1940-åra, skal ha halde seg i byen.[2] Ei av dei første vestlege kvinnene som kom til dette området var Barbara Toy, som skreiv om vitjinga si der i 1960-åra.[3]

Remove ads

Geografi

For å nå byen frå Sana'a må ein køyre hundrevis av kilometer gjennom ørkenen. Sl Abr ligg langs motorvegen N5, nord-nordvest for Seiyun.[4] Wadi Hadhramaut spring ut nær Al Abr[5] og ligg kring 1000 meter over havet.[6]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads