Al Bell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Al Bell (fødd 15. mars 1940 som Alvertis Isbell) er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar og plateselskapdirektør. Han er mest kjend for å ha vore direktør og medeigar i Stax Records, som heldt til i Memphis i Tennessee, den siste halvdelen av dei 19 åra selskapet eksisterte.
Bell sitt tidlegare yrke var som platepratar i heimbyen Little Rock i Arkansas.[1] Som produsent var han særs viktig for karrierane til soulstjernene til Stax, som Staple Singers og Isaac Hayes, The Emotions, The Dramatics og Mel and Tim. Bell var god på marknadsføring og dreiv «Memphis-stilen» ut internasjonalt, medan Stax vart til det nest største afroamerikanske selskapet i 1970-åra.[2] I 2009 omtalte BBC Bell som «eit av soul-ikona» og «den drivande krafta bak Stax Records».[3]
Etter karrieren sin i Stax, vart Bell direktør i Motown Records Group under omstruktureringa til MCA og Boston Ventures Group.[2] Han starta sidan sitt eige selskap, Bellmark, som mellom anna gav ut Tag Team-singelen «Whoomp! (There It Is)» (1993).[4] I dag arbeider Bell i det sjølvstendige musikkmiljøet i Memphis og driv ei musikkside på nettet og eit radioshow på AlBellPresents.com.[5]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads