Al Lith

From Wikipedia, the free encyclopedia

Al Lith
Remove ads

Al Lith (arabisk الليث) er ein by i Tihamah-regionen ved kysten av Raudehavet sørvest for den heilage byen Mekka i Saudi-Arabia. Han er den femte største byen etter folketal i Makkah-provinsen, og er ein av dei største hamnebyane i Saudi-Arabia ved Raudehavet og Miqat Yalamlam ligg nord for byen. Det estimerte folketalet i Al Lith er over 72 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Provins ...

Han ligg 180 km sørvest for den heilage byen Mekka, og 190 km sør for Jeddah. Dei nordlege forstadane ligg berre 90 km frå Mekka. Han strekkjer seg til Hejazfjella og byane Adham og Taif i aust og strekkjer seg heilt sør til byen Al Qunfudah. Den internasjonale kystvegen frå Jeddah til Jizan går gjennom byen.

Al Lith fekk namnet sitt frå Lithdalen, som ligg i aust.[2] Al Lith er i dag ei kommersiell hamn som tar i mot pilegrimar og varer frå heile verda. Tidlegare var han ei stor kommersiell hamn som tok i mot skip frå Jizan i Jemen, og kysten av Afrika og ekspoerter varer viare til Mekka og Jeddah.

Al Lith er ein populær stad for dykking.[3]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads