Al Qunfudhah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Al Qunfudhah (arabisk القنفذة), òg kalla Kunfuda, er ein by i Tihamah-regionen ved kysten av Raudehavet. Byen er den fjerde største i Makkah-provinsen, og er ein av dei største hamnebyane i Saudi-Arabia ved Raudehavet.
Remove ads
Remove ads
Geografi
Han ligg sørvest i Makkah-provinsen, sør for Al Lith, ved grensa til byen Al Aradhiyah. Asir-provinsen ligg søraust for byen og den internasjonale kystvegen frå Jeddah til Jizan i Jemen går gjennom byen. Al Qunfudah ligg 290 km sør for den heilage byen Mekka, og 340 km frå Jeddah. Det estimerte folketalet i Al Qunfudhah er over 185 000 innbyggjarar fordelt mellom byen og kystlandsbyar.
Remove ads
Historie
Al Qunfudah oppstod på byrjinga av 1300-talet i Hijri og tok i mot havgåande handelskaravaner frå Jemen til Syria og omvendt, med mange forskjellige varer. Al Qunfudah stod ikkje oppført i historiske kjelder før byrjinga av 1400-talet, då sultanatet til Hali bin Yaaacob frå Banu Kinana-stamma i Hali Hali sør for Al Qunfudhah enda. På 1800-talet var staden utgangspunkt for felttoga til Muhammed Ali Pasha, og var arena for dei britiske styrkane under første verdskrigen mot osmanarane og italienarane. Det finst framleis spor av tyrkiske skip som ligg søkkte i Raudehavet nær byen og sør for Qunfudah.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads