Al Wakrah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Al-Wakrah (òg skrive Al Wakra, arabisk skrift الوكرة) er hovudstaden i Al Wakrah kommune i Qatar. Austsida av Al Wakrah ligg ved kysten av Persiabukta. Byen vert styrt av sjeik Abdulrahman bin Jassim Al Thani, og var opphavleg ein liten fiske- og perlelandsby. I løpet av åra har han utvikla seg til ein liten by med meir enn 30 000 innbyggjarar, og vert rekna som ein av dei store byane i Qatar.
- Denne artikkelen handlar om byen aust i Qatar. For kommunen som byen ligg i, sjå Al Wakrah kommune.
Remove ads
Historie
Byen var historisk eit senter for perlefiske[2] i åra då den qatarske økonomien var heilt avhengig av perleindustrien.[3] I 1898 var det kring 200 båtar i nærleiken mellom Al Wakrah og Al Bidaa.[4] I 1925 var det 250 båtar her.[5]

Idrett
Idrettsklubben i Al Wakrah er Al-Wakrah Sports Club, og fotballaget deira spelar på øvste nivå i Qatar. Heimebanen er Al-Wakrah stadion, som kan nyttast til fleire føremål. Kapasiteten er i dag 20 000 tilskodarar, men det er planar om å utvide dette til 43 500 for fotball-VM 2022.
Venskapsbyar
Ramsar (2010)
Djougou (2014)[6]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads