Alarmprisen
samling av musikkprisar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alarmprisen er ein norsk musikkpris som blir delt ut ein gong i året til norske artistar innan eit utvida pop/rock-omgrep. Prisen blei etablert som eit alternativ til Spellemannprisen og Hit Awards og blei delt ut fyrste gong 3. februar 2001. Prisen blir delt ut av stiftelsen Alarm. I oktober 2008 bestemte styret å ikkje gjennomføra utdelinga for 2008 på grunn av pengemangel, og prisen har ikkje vorte delt ut sidan.
Ved foreløpig siste prisutdeling, prisutdelinga i 2007, blei det delt ut prisar i seks sjangerbestemte klassar og seks tilleggsklassar. Klassane pop, rock, hip-hop/rap, metal, låt og live har blitt delt under alle utdelingane, mens dei øvrige klassane har kome til i løpet av åra. Blant dei er årets Alarmpris, som også har gått under namnet Alarmjuryens spesialpris.
Remove ads
Vinnarar av Alarmprisen
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen bygger på «Alarmprisen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2009.
- Lista over vinnarar er henta frå «Liste over vinnere av Alarmprisen» frå Bokmålswikipedia, 9. februar 2011.
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads