Alberto Cova

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alberto Cova
Remove ads

Alberto Cova (fødd 1. desember 1958) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Inverigo i Como-provinsen. Han vart både europmeister (to gongar), verdsmeister og olympisk meister på 10 000 meter i tida 1982-86.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Langdistanseløparen Cova vart kjend for sine spurteigenskapar. Under friidretts-EM 1982 i Aten overraska han stort då han vann over Werner Schildhauer frå Aust-Tyskland. Året etter var det klart for den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i finske Helsinki, der Cova var ein av dei fremste medaljekandidatane. 10000-meteren gjekk lenge føre seg i eit roleg tempo, og då klokka ringde for siste runde var heile 13 løparar med i tetfeltet. 30 meter før mål låg Cova på femteplass, men på dei siste meterane sprang han seg forbi alle, og atter viste han Schildhauer til andreplassen.

Milløpet under Sommar-OL 1984 i Los Angeles gjekk lenge i eit endå rolegare tempo enn løpet i Helsingfors. Fyrst etter kring 7000 meter auka finske Martti Vainio farta, og einast Cova makta å halde fylgje. Vainio greidde ikkje å halde tempo heilt til mål, så på sisterunda tok Cova seg rimeleg enkelt forbi til OL-gull. Vainio vart elles i ettertid frådømt sølvmedalja, grunna doping.

Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vart Cova teken att og passert på sisterunda på 10 000-meterløpet, og det av sin eigen landsmann Stefano Mei. På 5000 meteren enda Cova som nummer åtte. Han deltok på 10000 meter under sommarleikane i Seoul i 1988, der vart han slått ut i kvalfiseringsa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads