Albumet Yellow Submarine

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Yellow Submarine er eit filmmusikkalbum av The Beatles med musikk frå filmen med same namn.

Meir informasjon The Beatles-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I motsetnad til korleis filmen vart teke imot, vert Yellow Submarine vanlegvis rekna som det svakaste albumet til The Beatles, sidan det berre inneheld seks songar av bandet. Ho var ei av få Beatles-plater som ikkje nådde toppen av albumlista i verken Storbritannia eller USA. Den høgaste plasseringa i USA var andreplass. Albumet nådde derimot førsteplassen på VG-lista i Noreg. The Beatles sjølv rekna det ikkje som eit studioalbum, sidan dei fire songane som ikkje var gjeve ut før dette albumet, vart spelte inn til forskjellige tider i 1967 og 1968.

Remove ads

Historie

«Only a Northern Song» vart spelt inn under innspelinga av Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, men kom ikkje med her. Det meste av songen vart spelt inn i februar 1967. «It's All Too Much» vart spelt inn like før Sgt. Pepper kmo ut, men vart korta ned (frå åtte minuttar) for Yellow Submarine. «Hey Bulldog», spelt inn i februar 1968, og «All Together Now», spelt inn i mai 1967, var heile tida meint for filmen.

«Baby You’re a Rich Man» vart òg opphavleg tenkt som ein del av musikken i filmen, men vart i staden gjeve ut som B-sida til «All You Need is Love» og ikkje med på Yellow Submarine-albumet.[9]

To songar på albumet hadde vore gjeve ut før. «Yellow Submarine» hadde alt vore på Revolver i august 1966 og på same tid ein hitsingel då. «All You Need Is Love» hadde vore ein hit i 1967, samt vore gjeve ut på den amerikanske utgåva av Magical Mystery Tour seinare på året. Songen er i ekte stereo på dette albumet. Songen hadde tidlegare vore gjeve ut i mono eller i omkanaliserte stereoutgåver på Magical Mystery Tour.

Den andre sida inneheld musikkstykke (spelt inn spesifikt for albumet) av George Martin nytta i filmen.

Etter at blanda mottaking då albumet kom ut, tenkte The Beatles på å gje ut Yellow Submarine som ein EP med fem spor, utan filmmusikken til Martin, men med «Across the Universe» som bonusspor. Dette skjedde derimot aldri.[10]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Lennon–McCartney, utanom «Only a Northern Song» og «It's All Too Much», av George Harrison

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av George Martin, utanom «Yellow Submarine in Pepperland» av Lennon–McCartney, arr. Martin

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Beatles (side ein)

  • John Lennon – solo- og korvokal, rytme- og sologitar, piano, klapping
  • Paul McCartney – solo- og korvokal, bass og akustisk gitar, kontrabass, trompet, klapping, perkusjon
  • George Harrison – solo- og korvokal, sologitar og akustisk gitar, Hammondorgel, perkusjon og klapping, fiolin
  • Ringo Starr – trommer, perkusjon og klapping, korvokal, solovokal (på spor 1)
  • George Martin – piano på «All You Need is Love», orkesterarrangement

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal sidan 1994.[15]

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste, Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads