Aldehyd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eit aldehyd er ei organisk sambinding der eit dobbeltbunde oksygenatom i enden av ei karbonkjede utgjer den funksjonelle gruppa. Dei systematiske namna til aldehyd vert danna ved å leggja endinga -al til namnet på det tilsvarande alkanet.
Aldehyd vert danna ved ufullstendig forbrenning av alkoholar, der hydroksylgruppa -OH vert oksidert til ketogruppa =O. (Namnet aldehyd kan tyda dehydrogenert alkohol.) Vidare oksidasjon av eit aldehyd gjev ei organisk syre.
Dei enklaste aldehyda er metanal og etanal. Desse kan dannast i kroppen som nedbrytingsprodukt av metanol og etanol.
Remove ads
Døme på aldehyd
- Metanal eller formaldehyd
- Etanal eller acetaldehyd
- Propanal
Sjå òg
- Keton
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads