Aleksander II av Russland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aleksander II av Russland
Remove ads

Aleksander II (17. april 181813. mars 1881) var tsar av Russland frå 1855 til 1881.

Aleksander II var fødd i Moskva som son av Nikolai I av Russland og Charlotte, dotter av kong Fredrik Vilhelm III av Preussen. Han var far til Aleksander III av Russland.

I regjeringstida hans vart det satsa på bygging av jernbaner og anna infrastruktur, for å binda saman det store Tsar-Russland. Riket vart òg utvida innover Asia. Den transsibirske jernbanen vart ført heilt fram til Vladivostok. Alaska vart seld i 1867 til USA.

Det vart innført nokre reformer innan landbruket, med oppheving av liveigenskapen. Bøndene kunne såleis reisa og flytta meir fritt, og mange flytta inn til byar for å ta arbeid innan industri. Trass i nokre reformer, auka misnøya mellom fleire grupper, og nokre byrja å arbeida for ein revolusjon. Som symbol på det gamle samfunnet, stod tsaren utsett til. Han vart forsøkt drepen i 1879 og 1880 og vart til slutt teke livet av i St. Petersburg i 1881.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads