Nikolaj I av Russland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nikolaj I av Russland
Remove ads

Nikolaj I av Russland (6. juli 17962. mars 1855) var tsar av Russland og konge av Polen mellom 1825 til han døydde i 1855.

Nikolaj I var kjend for eit despotisk styre og dreiv et stort hemmeleg politi og eit nettverk av spionar. Utanrikspolitisk sett var han sterkt mot revolusjonar. Han tilbydde militær stønad til å slå ned revolusjonar kringom i Europa, og fekk tilnamnet «Europas politimann». I 1830 avskaffa han det polske kongedømet etter ein revolusjon og gjorde Polen til ein russisk provins.

Remove ads

Familie

Han var son av Paul I av Russland og Sophie Marie Dorothea av Württemberg. Nikolaj I var yngre bror av Aleksander I av Russland, som han etterfylgde som tsar. Han gifte seg med Charlotte av Preussen (1798-1860). Ho vart som gift kalla Aleksandra Fjodorovna. Charlotte var dotter av Fredrik Wilhelm III av Preussen og Louise av Mecklenburg-Strelitz.

Nikolai og Alexandra fekk desse borna:

    1. Alexander II av Russland 1818-1881
    2. Maria 1819-1876
    3. Olga 1822-1892
    4. Alexandra 1825-1844
    5. Konstantin 1827-1892
    6. Nikolai 1831-1891
    7. Mikhail 1832-1909
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads