Alexander Dale Oen
norsk symjar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alexander Dale Oen (21. mai 1985–30. april 2012)[1] var ein norsk symjar. Han representerte klubben Vestkantsvømmerne, ein symjeklubb for Bergensområdet, og Bærumsvømmerne, ein symjeklubb i Bærum.
Remove ads
Karriere
Alexander fekk det internasjonale gjennombrotet sitt i 2005, med sjuandeplass på 100 meter bryst i langbane-VM.
Under kortbane-EM i desember 2005 sette Oen nordisk rekord på 100 meter bryst med tida 59,05. Dermed blei han første nordmannen som sumde distansen på under eitt minutt. Tida gav han fjerdeplass på distansen. Oen tok gull på 100 meter bryst i EM 2008. Det var den første gullmedaljen i EM for ein norsk herresymjar. 11. august 2008 tok Oen sølv på same distanse under OL i Beijing. I semifinalen sette Oen ny norsk og olympisk rekord med tida 59,16, då berre 3 hundredelar bak verdsrekorden. Under finalen sette derimot Kosuke Kitajima både ny verdsrekord og olympisk rekord med tida 58,91.
I 2011 vart Alexander Dale Oen tildelt Aftenpostens gullmedalje.[2] 3. juni 2014 fekk ein ny symjehall på Nygårdstangen i Bergen namnet Alexander Dale Oen Arena, oppkalla etter Dale Oen.[3][4]
Remove ads
Byrjinga
Oen sumde sine første tak i kulturhuset på øya Rong i Øygarden. Han trena i den lokale symjeklubben der til den blei lagt ned i 1995. Han begynte å symje for Øygarden Symjeklubb då han var fire år gammel. Frå 1995 representerte han Vestkantsvømmerne, med klubben sin grunnleggjar Tore Arne Hestholm som trenar. Det var lang reisetid til trening, og han flytta som 16-åring til Laksevåg for å kunne kombinere trening og vidaregåande skule. Han melde overgang til Bærumssvømmerne i 2011.[5]
Remove ads
Merittar
Internasjonale merittar
Rekordar
Kortbane
Langbane
Remove ads
Kjelder
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads