Alexander Frei
sveitsisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alexander Frei (fødd 15. juli 1979 i Basel) er ein sveitsisk tidlegare fotballspelar. Han spela som spiss for Basel i den sveitsiske fotballigaen, og for det sveitsiske landslaget. Han var landslagskaptein for Sveits frå 2007 til 2011. I 2004/05-sesongen var han toppskårar i den franske toppserien, Ligue 1, då han spelte for Rennes. Han var toppskårar for Borussia Dortmund i tysk Bundesliga i 2006/07-sesongen med 16 seriemål og i 2008/09 med 12 seriemål. Han har rekorden for landslagsmål for Sveits, med 40 mål.(12. april 2010) Han har spelt i fleire store meisterskap for Sveits, men under fotball-EM i 2008, då han var landslagskaptein, måtte han forlata banen i den første kampen grunna ein skade, og gjekk glipp av resten av meisterskapen.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads