Bundesliga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bundesliga er den øvste fotballdivisjonen i Tyskland og tidlegare Vest-Tyskland. Den klassiske avsparkstida er kl. 15.30 på laurdagar. Bundesligaen vart oppretta i 1963, og har gjennomgått fleire endringar opp gjennom tidene, heilt fram til i dag.
Før Bundesliga vart oppretta, spelte laga i regionale seriar. Vinnarane (og nokre gonger nestvinnarane) møttes så i eit sluttspel etter cup-system, med ein seriefinale for å avgjere seriemeisterskapen.
Remove ads
Oversyn
Bundesligaen er delt opp i to divisjonar, Første Bundesliga og Andre Bundesliga. Første Bundesliga blir som regel berre kalla Bundesliga, medan nummer to blir kalla 2. Bundesliga, eller Zweite Bundesliga for å skilje dei to divisjonane. Det er desse to divisjonane som blir rekna som Tysklands profesjonelle fotballseriar, medan dei lågare divisjonane blir rekna som amatørligaer. Dei lågare divisjonane er i stadig vekst, og det er særleg den tredje høgaste, Regionalliga, som er i ferd med å nå eit profesjonelt nivå.
Dei to første åra hadde Bundesliga 16 klubbar. Etter det har serien hatt 18 klubbar, med unntak av sesongen 1991/92, då Bundesliga vart utvida til 20 klubbar fordi klubbane frå det tidlegare DDR vart med i det alltyske seriesystemet.
Til og med sesongen 1973/74 besto nivå to av fleire ulike Regionalligar. I 1974 vart andre Bundesliga oppretta, i to avdelingar (Nord og Süd). Andre Bundesliga vart samla til ein nasjonal divisjon i 1981. I 1991/92-sesongen vart andre Bundesliga igjen utvida til to avdelingar for ein sesong, då dei to beste klubbane frå Oberliga i DDR fekk plass i første Bundesliga, medan dei seks nest beste klubbane i DDR kom inn i andre Bundesliga.
Remove ads
Toppscorarar i Bundesliga gjennom tidene
- Gerd Müller (Bayern München) 365
- Klaus Fischer (Schalke 04) 268
- Jupp Heynckes (Borussia Mönchengladbach) 220
- Manfred Burgsmüller (Borussia Dortmund) 213
- Robert Lewandowski (Borussia Dortmund og Bayern München) 202
- Claudio Pizarro (Bayern München, Werder Bremen og FC Köln) 197
- Ulf Kirsten (Bayer Leverkusen) 182
- Stefan Kuntz (VfL Bochum) 179
- Dieter Müller (FC Köln) 177
- Klaus Allofs (FC Köln) 177
Rekordar
- Spelar med flest sjølvmål gjennom tidene:
Tyskland Manfred Kaltz,
Nord-Makedonia Nikolče Noveski 6.
- Yngste spelar :
Tyskland Youssoufa Moukoko, 16 år og 1 dag gammal
- Yngste spelar som har scora i Bundeliga:
Tyskland Youssoufa Moukoko, 17 år og 28 dagar gammal
- Spelar med flest raude kort gjennom tidene:
Tyskland Jens Nowotny, 8
- Spelar med flest mål scora på straffespark:
Tyskland Manfred Kaltz, 53
Nordmenn med flest scoringar i Bundesliga
(Inntil 27. januar 2021.)
* Jørn Andersen vart tysk statsborgar i 1993.
Remove ads
Vinnarar av Bundesliga
BFC Dynamo Berlin har gjort krav på å bli anerkjent som 10 gonger seriemeister i Tyskland. Dette kravet er ikkje blitt godtatt, sidan Dynamo Berlins seriemeisterskap var i DDR, og mykje også tyder på at mange av kampane på 1980-talet var fiksa. Sjå Oberliga DDR.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bundesliga» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads