Alf Hartmann
norsk journalist (1915–2004) From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alf Hartmann (25. september 1915–21. mars 2004) var ein norsk journalist og tekstforfattar frå Hvalstad i Asker, cand.philol. frå 1941. Han er kjend under pseudonymet Scorpio som han brukte i over ti tusen petitartiklar for Verdens Gang i løpet av karrieren.
- Denne artikkelen handlar om journalisten. For kunstmålaren, sjå Alf Gabriel Hartmann.
Alf Hartmann skreiv revytekstar sidan 1930, og fekk prøva seg som revyskodespelar fyrste gongen i Asker i 1932 på lokalet Venskaben. I 1934 sette han opp sin fyrste lokalrevy på Venskaben sjølv, der Arvid Nilssen debuterte som skodespelar.[1] Seinare skreiv Hartmann for Jens Book-Jenssen, Lalla Carlsen, Per Aabel og Leif Juster, artistar ved Chat Noir og Edderkoppen. Alf Hartmann har òg omsett europeiske dramastykke til norsk og omarbeidd manus.[2]
Bortsett frå nokre sesongar i Morgenbladet 1950-52 i London, og Dagbladet 1952-56 i Paris, blei han i VG frå 1945. I 1960 skreiv han for VG då han kritiserte rivinga av kunstnarbustaden til Edvard Munch på Ekely. Då skreiv han: «Bord for bord rives det opp med kubein og øks. (...) Planke for planke løsner. Men vi har den idiotiske tanke at vi kan få litt ut av å besøke kjente menns faste oppholdssteder på jorden.»[3] I 1964 gav han ut boka Nei--nå for tiden!
Remove ads
Prisar og utmerkingar
- Leif Justers ærespris i 1982
- Statens stipend til eldre fortente kunstnarar i 1998
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads