Alf Martinsen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alf Werner Martinsen (29. desember 1911–23. august 1988) var ein norsk fotballspelar frå Lillestrøm, med kallenamnet «Kaka», som var midtspiss på det berømte Bronselaget under Sommar-OL 1936. Mellom 1931 og 1946 spelte han 46 landskampar, 21 for AIF og 25 for NFF. Martinsen «var smidig og smart, gled fint inn i kombinasjonsspillet og betenkte seg ikke et øyeblikk på å skyte straks han oppdaget en åpning».[1]
Martinsen spelte på Lillestrøm Sportsklubb til 1930, men melde i 1931 overgang til Fram, eit av dei idrettslaga som var organisert i Arbeidernes Idrettsforbund. I tida fram til 1935 spelte han 21 landskampar for AIF-landslaget.
I 1936 melde han seg innatt i Lillestrøm SK og debuterte på Norges Fotballforbund sitt landslag 26. juli 1936, då Noreg vann 4-3 over Sverige på bortebane. Åtte dagar seinare skåra han to av dei norske måla i Noreg sin opningskamp under Sommar-OL 1936 i Berlin, ein kamp som enda med 4-0 over Tyrkia. Han deltok også i dei tre andre OL-kampane, i den siste, bronsefinalen, vann Noreg 3-2 over Polen.
Martinsen fekk til saman 25 kampar for NFF-landslaget, og skåra 10 landslagsmål. Han spelte sin siste landskamp i Luxembourg sommaren 1946, ein kamp som enda med heimesiger 3-2.
Perioden 1947–50 og 1952/53-sesongen var Martinsen trenar i Lillestrøm SK.
Remove ads
- OL-bronse: 1936 med Noreg
Notar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads