Alfonso X av Castilla

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alfonso X av Castilla
Remove ads

Alfons X (23. november 12214. april 1284) var ein kastiljansk konge som herska over Castilla, León og Galicia frå 1252 og fram til han døydde. Han vart òg vald til konge av tyskarane (formelt konge av romarane) i 1257, men pavedømet hindra stadfestinga av dette.

Kjappe fakta Regjeringstid, Kroning ...

Han etablerte kastiljansk som språk for høgare utdanning og fekk kallenamnet el Sabio eller O Sabio («den vise» eller «den lærde») og el Astrólogo eller O Astrólogo («astrologen») gjennom skriftene sine, mellom anna galisisk-portugisisk poesi.

Remove ads

Liv

Han var son til Ferdinand III og Isabella av Schwaben. Alfons førte ein omfattande, men lite vellukka utanrikspolitikk. Ved det tyske kongevalet i 1257 vart han vald som motkonge mot Rikard av Cornwall, då han gjennom mor si, som var dotter av Filip av Schwaben var i slekt med Hohenstaufen. Han vann derimot aldri meir enn tittelen og heller aldri sjølv til Tyskland. På grunn av usemje om tronfølgja regjerte han dei siste åra i strid med sonen Sancho.

Meir vesentleg er Alfons gjennom innsatsen sin i litteratur og vitskap, noko som gav han kallenamnet el Sabio (den vise). Han grunnla eit observatorium i Salamanca og fekk utarbeidd dei såkalla alfonsinske tabellane. Ei einskapleg lovbok Codigo de las siete partidas, vart fullført under styret hans. Han fekk omsett delar av Bibelen til kastiljansk og brukte dette språket offisielt. Han fekk òg skrive Crónica General de España.

Bror sonen hans Don Juan Manuel held fram kulturproduksjonen hans.

Remove ads

Musikk

Alfons X bestilte eller medkomponerte mange musikkverk i løpet av livet sitt. Desse verka omfatta mellom anna Cantigas d'escarnio e maldicer og den store samlinga Cantigas de Santa Maria («Songar til Jomfru Maria»), som var skriven på galicisk-portugisisk og vert rekna som det viktigaste verket hans. Desse verka er ein av dei største samlingane av folkespråklege monofoniske songane som har overlevd frå mellomalderen. Dei består av 420 dikt med musikalsk notasjon. Dikta omhandlar stort sett mirakla tilskriven Jomfru Maria. Eit av desse mirakla er korleis Alfons sjølv vart lækja i Puerto de Santa María.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads