Alfred Stieglitz
amerikansk fotograf From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alfred Stieglitz (1. januar 1864–13. juli 1946) var ein kjend amerikansk fotograf og gallerieigar.
Remove ads
Liv og virke
Bakgrunn
Stieglitz var fødd i Hoboken i New Jersey, og voks opp i New York. Han var den eldste sonen av dei fem barna til den tysk-jødiske innvandraren Edward Stieglitz (1833–1909) og kona hans Hedwig Ann Werner (1845–1922). Faren var løytnant i Union Army, og arbeidde som ullhandlar.[1]
Han studerte fotografi i Berlin, men etter eit dødsfall i familien måtte han venda tilbake til USA. Allereie i tida si i Europa hadde han byrja å gjera seg merka.
Karriere i USA
Etter at han hadde flytta tilbake til New York var Stieglitz både medlem og leiar i fleire fotoklubbar og redaktør i ulike fotografiske blad.
Eit av dei best kjente fotografia hans er «The Steerage» frå 1907, der ein ser klasseforskjellane på dekket av eit transatlantisk dampskip.
Modernismen
Stieglitz opna òg eit galleri på Manhattan som han kalla «291». Her stilte han ut både måleri og fotografi. Han var ein av dei fyrste i New York som stilte ut europeisk fotografi. Han introduserte òg publikum i New York for europeiske målarar, afrikansk kunst og amerikanske modernistiske målarar som Georgia O'Keeffe, som han var gift med. Dei budde saman nokre månader i året, men til vanleg budde han i New York og ho i New Mexico.
Remove ads
Galleri
- The Hand of Man (1902)
- The Steerage (1907)
- Dorothy True (1921)
- From My Window at An American Place, North (1931)
- Georgia O'Keeffe—Hands and Horse Skull (1931)
- Margaret Prosser's Clasped Hands in Lap (1933)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads