Alger
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alger er hovudstad og den største byen i Algerie i Nord-Afrika. I følgje ei folketeljing i 1998 var budde det 1 519 570 innbyggjarar i sjølve byen, 2 135 630 i byområdet, og 3 518 083 i omlandet til byen, og for heile Provinsen Alger 5 723 749 (2006). Byen vert kalla «den kvite» på grunn av dei skinande kvite bygningane.
- Denne artikkelen handlar om hovudstaden i Algerie. For organismane, sjå algar.
Remove ads
Byen ligg ved kysten heilt vest i Middelhavet. Namnet kjem frå det arabiske ordet al-jazā’ir, som tyder «øyane», og refererer til dei fire øyane som låg like utanfor kysten før dei vart ein del av fastlandet i 1525. Al-jazā’ir er i seg sjølv ei kortare utgåve av det gamle namnet på byen, jazā’ir banī mazghannā, «øyane til (stamma) Bani Mazghanna», som vart brukt av geografar som al-Idrisi og Yaqut al-Hamawi tidleg i mellomalderen. Det urbane området Stor-Alger er det største i Maghreb etter Stor-Casablanca. Den moderne delen av byen er bygd på flat grunn ved stranda, medan den gamle delen av byen er bygd i dei bratte klippene bak den moderne byen med festninga som krona på verket, 120 meter over havet. Festninga og dei to kaiane dannar ein trekant.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads