Nord-Afrika
den nordlegaste delen av det afrikanske kontinentet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nord-Afrika er den delen av Afrika som ligg nord for Sahara, og skil seg språkleg, kulturelt og klimamessig frå resten av kontinentet. Området omfattar Vest-Sahara, Tunisia, Marokko, Algerie, Libya og Egypt. I vide definisjonar vert Mauritania, Sudan, Etiopia og Eritrea òg tekne med ettersom dei har hatt mykje av dei same kulturelle påverkingane frå Arabia og islam. I snevre definisjonar vert Egypt utelate.

Remove ads
Kultur

Innbyggjarane og kulturen i Nord-Afrika har røter frå både Afrika og Midt-Austen, men dei er i dag mest knytte til den arabisk-talande muslimske verda. Fleirtalet av menneska som bur der er muslimar, men ein finn òg kristne og jødar. Hovudspråka i området er ulike arabiske dialektar og berberspråk.
Ein kan dela regionen inn i tre ulike kulturelle område: Maghreb i nordvest), Sahara, og Nildalen i aust.
Dei vestlege områda i Maghreb og Sahara er prega av berbisk og arabisk kultur, i tillegg til tidlegare påverknad frå middelhavsfolk som nubiarar, grekarar, fønikarar, romarar og vandalar. I Sahara går eit skilje mellom fastbuande i oasar og nomadiske beduinar og tuaregar.
Nildalen kan spora kulturen sin tilbake til faraotida i det gamle Egypt, og har i tillegg til ein muslimsk majoritet grupper av kristen koptarar. Lenger sør i området bur hovudsakleg ikkje-muslimske nilotar og nubaer.
Remove ads
Historie

Opphavleg var innbyggjarane i det meste av Nord-Afrika svarte afrikanarar, men mange av desse forlet området då Sahara vart ein ørken. Ein av verdas eldste sivilisasjonar oppstod i Egypt for fem tusen år sidan. Sidan grunnla fønikarane og romarane koloniar langs kysten.
Området vart invadert av muslimske arabarar på 600-talet, og regionen med unntak av Marokko kom sidan med i Det osmanske riket. På 1800-talet vart det kolonisert av Frankrike, Storbritannia, Spania og Italia. Alle dei nordafrikanske statane vart sjølvstendige på 1950- til 1970-talet, bortsett frå nokre små spanske koloniar lengst nord i Marokko, og Vest-Sahara, som framleis er okkupert av Marokko.
Området hadde tidlegare ein stor jødisk busetnad, sefardiske jødar, som var komne dit under europeiske forfølgingar i renessansetida. Dei fleste av desse emigrerte til Frankrike eller Israel då dei nordafrikanske landa fekk sjølvstende. Medan det fanst 600 000–700 000 jødar i området før Israel blei til, er det i dag igjen berre rundt 15 000 i regionen.
Remove ads
Sjå òg
Geografiske område
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads